Voss Resort GB
Voss Resort Sommarsider

Dinglo og Danglo

I gangavstand frå sentrum

Hangursbanen er eit landemerke på Voss! Den er ein av dei største turistattraksjonane i bygda, og difor er ein tur med Dinglo og Danglo noko du absolutt bør få med deg. Hangursbanen ligg like ved sentrum, og det tek ikkje meir enn ti minuttar å spasere hit.

Når du kjem opp kan du nyte god mat og drikke ute eller inne på Hangursrestauranten, medan du studerer Vossebygda sett frå 660 moh.

Det er enkelt å finne fram

Frå sentrum: Ta utgangspunkt i kyrkja. Ha hovudinngangen på di høgre hand, og gå under jernbanebrua lenger framme. Deretter følgjer du vegen i ca. 300 m. fram til første kryss, der tek du til høgre. Hald deg på denne vegen vidare i omlag 300 m. til og du får Hangursbanen på høgre sida. Det er skilta heile vegen.

Frå jernbanestasjonen: Gå over gangbrua, ta til høgre, og så til venstre att i krysset. Hald deg på denne vegen i omlag 300 m. og du får Hangursbanen på høgre sida. Det er skilta heile vegen.

Med bil: Følg same vegskildring som fotgjengarane frå sentrum. Det er ein mindre parkeringsplass ved banen. Parkeringsplassen ved Tinghuset (like ved kyrkja) har langtidsparkering (20 kr per døger).

dinglo.jpg

Den raude kabina, Dinglo, på veg opp til Hangursrestauranten.

Litt historikk

Hangursbanen er 1126 meter lang, og toppen ligg omlag 660 moh. Banen vart bygd i 1963 av Hordaland Mekaniske Verkstad og sveitsiske medarbeidarar. Banen har to gondolar; Dinglo (raud) og Danglo (blå). Turen opp med banen tek i underkant av 5 minutt. Voss Resort eig Hangursbanen, og den er i drift i skisesongen, og frå juni til september.





Følg Voss Resort:
Følg oss på FacebookFølg oss på Twitter
Sjå film og flotte bilete:
Sjå foto
Sjå filmsnuttar
Samarbeids-
partnerar:
Voss Resort
i vinter:
Våre samarbeidspartar
Voss Resort sine vintersider
Gå til visitvoss.no


G-sport Bergen
space.gif

Tips ein venn om denne sida

Di e-post adresse Mottakar si e-post adresse

E-post: post@vossresort.no | Voss Resort Bavallstunet/Booking: Tlf. 4700 4700 | Voss Resort Fjellheisar: Tlf. 4700 4700

Imaker publiseringsløsning © 1997-2007 Imaker AS