Voss Resort GB
Voss Resort Sommarsider

Fottur

Turstiar for alle

img_0904.jpg

Området på Hanguren er flott å gå i uansett alder og form; ein vel sjølv kor mykje ein vil gjere ut av det. Her finst det stiar som høver små barneføter, og turar for dei som ynskjer ei ekstra utfordring for både musklar og kondisjon. Uansett kvar du går får du fin natur med på kjøpet!

Tavler med nytt kart over turløypene vil kome opp i terrenget i løpet av sommaren (sjå kartet lenger ned på sida, eller last ned brosjyre). Enkle kart får du hjå turistinformasjonen, nede på Hangursbanen eller inne på restauranten.


Utan mat og drikke...

Det gamle ordtaket gjeld i høgste grad når ein skal ut på tur. På Hangursrestauranten kan du få deg eit godt måltid med forfriskande drikke til, både før og etter turen. Velg mellom kalde og varme rettar, kaker, is, mineralvatn, øl og vin.

Når sola skin er terrassen på Hangursrestauranten ein av dei beste plassane på Voss for å nyte eit godt måltid! Ekstra godt vert det etter å ha brukt kroppen i naturen fyrst.

Kart over turløypene på Hanguren

Kartet under gir ei oversikt over dei ulike turløypene i området på og rundt Hanguren. Kartet vil i løpet av sommaren kome opp på tavler rundt om i terrenget. Du kan og laste ned brosjyra "Hanguren - turområde", den inneheld kartet.

God tur!


flyfoto_hanguren



Adobe Reader
er programmet du treng for å laste ned pdf-filer. Programmet er gratis, og kan lastast ned her.

Originalfotoet er teke av Gunnar Bergo, Voss Kommune, og kartet og brosjyren er produsert av Kulturavdelinga i Hordaland fylkeskommune.





Følg Voss Resort:
Følg oss på FacebookFølg oss på Twitter
Sjå film og flotte bilete:
Sjå foto
Sjå filmsnuttar
Samarbeids-
partnerar:
Voss Resort
i vinter:
Våre samarbeidspartar
Voss Resort sine vintersider
Gå til visitvoss.no


G-sport Bergen
space.gif

Tips ein venn om denne sida

Di e-post adresse Mottakar si e-post adresse

E-post: post@vossresort.no | Voss Resort Bavallstunet/Booking: Tlf. 4700 4700 | Voss Resort Fjellheisar: Tlf. 4700 4700

Imaker publiseringsløsning © 1997-2007 Imaker AS