Meistermøte
Dette konseptet byrja me med sommaren 2009. I denne aktiviteten deler me gruppa inn i lag på 7-9 deltakarar som skal konkurrera mot einannan i 6 spanande øvingar ute i naturen, mellom anna vardebygging, langski, velting av traktordekk m.m.
Nokre av øvingane krev litt fysisk styrke, mens andre er av ein slik art at alle kan delta. Her skulle det vera noko for alle.
Utfordringane står i kø, og det er berre å henta fram konkurranseinstinktet! Det beste laget får premie, og vert kåra til gruppa/bedrifta sitt meisterlag.
Tid: 2 t.
Kapasitet: 10 - 120 pers.
Pris: kr. 390,- per pers. (min. kr. 4000,-)
Send førespurnad om Meistermøte her ,
eller ta kontakt med Gunvor Wæhle på tlf. 95 98 20 65.










