Leik og moro med meining

Opplegget vårt varar i omlag 2 timar, men aktivitetane kan etter avtale vara kortare eller lengre. Me deler gruppa inn i lag på 7-9 personar, som saman skal løysa ulike praktiske/teoretiske oppgåver.
Øvingane er tilrettelagt slik at alle skal ha godt utbyte av å delta, samstundes utfordrar dei den enkelte deltakar sin kreativitet og samarbeidsevne. Erfaring visar at øvingane involverar alle deltakarane i oppgåveløysinga, uavhengig av fysisk form og rolle i verksemda.
Alle øvingane går føre seg ute i den spanande naturen på Voss, men me kan òg utføra lagbygging andre stader.
Kapasitet: 6 - 600 pers.
Tid: 2 t.
Pris: kr. 390,- per pers. (min. kr. 4000,-)
Send førespurnad om Lagbygging her ,
eller ta kontakt med Gunvor Wæhle på tlf. 95 98 20 65.
Felles oppleving på ein annan arena
Lagbygging er aktuelt for firma/avdelingar som:
- Skal integrera nytilsette, ta tak i nye prosjekt eller starta på tyngre prosessar.
- Vil gje medarbeidarar felles opplevingar på ein annan arena.
- Vil ha ein uformell start på eit seminar/kurs for å leggja grunnlaget for ein god og lett tone.
- Vil trena på kommunikasjon, samarbeid og involvering.
I tillegg vil me at lagbygginga:
- Skal skapa spaning.
- Skal gje gode opplevingar ute i naturen.
- Skal opna opp for prøving og feiling.
- Skal styrka gjensidig tillit og støtte, openheit og kjensle av fellesskap.
Målet med lagbygging (teambuilding) er å få grupper til å verta betre kjende med kvarandre, testa dei kommunikative evnene og kanskje bryta nokre barrierer. Konseptet vårt er prøvd ut gjennom mange år, og referansekundar er til dømes Vesta, Hydro, Statoil, Sparebanken Vest, TV2, Voss kommune, Telenor, NAV og Statens vegvesen.









