Voss Resort GB
Voss Resort Sommarsider

Hangurspakko

Hangurspakko

Alle firma og oranisasjonar treng å koma seg "ut av kvardagen" ein gong iblant; ikkje minst for berre å oppleva kvarandre på ein annan måte enn ein elles gjer. Kanskje gjera nokre nye erfaringar om korleis ein betre kan kommunisera med kvarandre, eller berre oppleva heilt nye sider av kollegaene sine?

No tilbyr me Hangurspakko til alle grupper/firma frå 20-90 personar. Pakka inneheld aktivitetar og mat, samt tur/retur med gondolbanen. Sjølve aktivitetane tek to timar, og her kan ein velga mellom lagbygging, stafettaktivitetar eller guida fjellturar.

I tillegg lyt ein sjølvsagt ha god mat og drikke, og denne kan nytast inne eller ute på terassen ved Hangursrestauranten. Her får ein den flottaste utsikta på Voss i tillegg! Velg mellom koldttallerken (spekemat, laks, eggerøre, brød og salat), eller kyllingtallerken (kyllingfilet med råsteikte poteter, pestosaus og salat).

Prisen er kr. 790,- per person inkl. t/r gondolbanen, aktivitetar og mat.

Hangurspakko er perfekt for firma/grupper som ynskjer ei opplevingsrik og sosial samling utanom det vanlege!

For bestilling og informasjon; ta kontakt på tlf. 4700 4700 eller 95 98 20 65. E-post: post@vossresort.no eller gunvor@vossresort.no .






Følg Voss Resort:
Følg oss på FacebookFølg oss på Twitter
Sjå film og flotte bilete:
Sjå foto
Sjå filmsnuttar
Samarbeids-
partnerar:
Voss Resort
i vinter:
Våre samarbeidspartar
Voss Resort sine vintersider
Gå til visitvoss.no


G-sport Bergen
space.gif

Tips ein venn om denne sida

Di e-post adresse Mottakar si e-post adresse

E-post: post@vossresort.no | Voss Resort Bavallstunet/Booking: Tlf. 4700 4700 | Voss Resort Fjellheisar: Tlf. 4700 4700

Imaker publiseringsløsning © 1997-2007 Imaker AS