For firma og grupper
Spanande aktivitetar heile året!
Vossamoro har lang erfaring med tilrettelegging og gjennomføring av ulike aktivitetar og lagbygging for grupper på mellom 6 og 600 deltakarar. Me tilpassar aktivitetane til årstida, og skreddarsyr eit opplegg for gruppa eller firmaet ditt.
Legg firmaturen til oss!
Firmatur, blåtur, kick off, jubileum, treningssamling, gutetur, jentetur, kurs/seminar - me i Vossamoro vil gjerne hjelpa med å legga til rette eit unikt opplegg i samarbeide med dykk. Ikkje berre tek me oss av aktivitetsdelen, men me kan ordna overnatting, transport, mat og moderne fasilitetar for kurs og seminar. Hyttene våre høver perfekt for grupper. Her kan det faglege og det sosiale kombinerast på ein konstruktiv måte. Om de vil ha både overnatting og møteaktivitet på ei stor hytte, så let det seg ordna.
Ny giv og auka samhald
Alle har godt av eit avbrekk i kvardagen; det gjeld òg arbeidskvardagen. Når dagane går i same tralten over lengre tid kan det vera sunt å ta ein pause frå alt. Me i Vossamoro vil gi dykk ein pause med meining; det skal vera moro, men det skal også vera matnyttig for deltakarane. Ny giv, ny "spirit" og auka samhald er berre nokre av resultata de kan få etter å ha vore med på våre aktivitetar.
Send førespurnad om aktivitetane her , eller ring 95 98 20 65.
Du finn ei oversikt over våre aktivitetar i menyen til venstre.

Lagbygging er ein fleksibel aktivitet som kan utførast mange ulike stader, som til dømes på Hanguren.









