Lavterskel sykkeltilbod for heile familien!
Frå og med 20. juni kan du utforske eit nytt og leikent sykkeltilbod rundt Hangurstoppen!
Ramper, downhill og ferdighetsløype
Eit variert utval av sykkelramper i ulike storleikar vert plassert rundt i området. I Trollbakken vert det laga ei micro downhill-løype, medan det kjem ei eiga ferdighetsløype i området rundt Hangurstoppen. Trollbakken held ope kvar dag kl. 10–15 frå 20. juni til 16. august. Dette er eit lavterskeltilbod, spesielt tilrettelagt for barn, perfekt for å bygge meistring og sykkelglede.
Bli med på opningsfest 20. juni
Ny sykkelløype og ferdighetsløype vert opna 20. juni, og me inviterer til leik, meistring og sykkelglede i flotte omgjevnader på Hangurstoppen. Under opninga blir det aktivitetar og eit yrande miljø gjennom heile dagen, og ikkje minst kjem populære Grebbe Hangur på besøk. Les meir om opninga av nytt sykkeltilbod.
Enkel gondoltur til toppen
Gondolen tek deg enkelt til topps, og er tilrettelagt for både små og store syklistar. Gondolen går kvar dag frå 1. mai til 18. oktober. Treng du å vaske sykkelen før gondoltur, så finn du sykkelspylestasjon mellom Scandic Voss og gondolbygget.
Prosjektet er under utvikling og fleire detaljar kjem når snøen er borte og me kan sette ut element.






Live kart – sjå kvar du er
Med vårt live‑kart får du ei enkel og trygg orientering i fjellet. Kartet viser di eiga plassering i sanntid, slik at du alltid veit kvar du er – rett på mobilen.
Posisjonen oppdaterer seg automatisk medan du er på tur, og gjer det lett å følgje ruta, halde oversikt og navigere trygt i terrenget. Perfekt for både nye og erfarne vandrarar.


Få full kontroll på turen med live‑kartet






