Meistermøte

 Konkurrér i ulike disiplinar

Ein populær aktivitet for grupper som ynskjer ei morosam og konkurranseprega oppleving. Stafettlag på 5 - 10 deltakarar skal konkurrera mot kvarandre i 7 ulike disiplinar som t.d. vardebygging, dekkvelting og øksekasting. 

Postane er satt ut i det flotte området rundt Bavallstunet. På kvar post konkurrerar 2 eller 3 lag mot kvarandre. Her står utfordringane i kø, det er berre til å ta fram konkurranse instinktet og kjempa om å bli kåra til bedrifta / gruppa sitt MESTERLAG.

Etter aktiviteten samlast gruppa i SkiBarBula for oppsummering av resultata og premiering av Meisterlaget.

Tid: 2 t

Pris: 380,- kr per person (min. kr. 4000,-)

Bekledning: Gode sko og praktiske uteklede

Vossastafetten

Ein stafett der 2 eller fleire lag konkurrerar mot kvarandre i 6 ulike samarbeidsøvingar som til dømes blindetelt, tidspress og minefeltet.

Dei fleste øvingane krev at laga er dyktige til å samarbeide, er raske til å finna gode løysingar og flinke til å kommunisera. Instruktørane fylgjer laga frå post til post og  vurderar lagets innsats.

Ein sosial og morosam konkurranse som passar for alle uansett alder og sko størrelse.

Etter konkurransen samlast laga inne i SkiBarBula for ei oppsummering av resultata og premiering av det beste laget.

Tid: 2 t

Pris pr. pers. kr 380,- per person ( min kr. 4000)

Bekledning: Gode sko og praktiske uteklede

(Vossastafetten er ein aktivitet me på bestilling arrangerar både på Voss og i andre kommunar)

Vossachallange

Lag på max 5 personar skal konkurrera mot kvarandre i 7 spennande øvingar som vil utfordra laga i forhold til styrke, balanse, presisjon og mentale ferdigheiter. Aktiviteten passar perfekt i forbindelse med blåtur, utdrikkingslag, venne – og firmaturar.
Premiering av vinnarlaget.

Kapasitet: 6 - 100 pers  

Tid: 2 t.

kr. 380 pr. pers
For spørsmål rundt aktivitetane, eller for bestilling, ta kontakt med Gunvor Wæhle på tlf. 959 82 065, eller send e-post.
De finn og nyttig informasjon og biltete på nettsida vår: www.vossamoro.no