Bestill din overnatting her:

Hyttene

Hyttene er av høg kvalitet og godt utstyrt med omsyn til sjølvhushald. Dei fleste har vedomn, kabel-TV, badstove, flislagde bad, vaskemaskin, oppvaskmaskin, kjøleskåp med frys, komfyr, dyner og puter.

Storleiken varierer frå små, koselege hytter med to soverom til større hytter med hems og plass til inntil 12 personar. Kvar hytte er sett saman av to einingar, og er anten vertikal- eller horisontaldelt.

Du finn eit utval av bilete frå hyttene under. NB! Alle hyttene er individuelt innreia og møblert.

 

Voss Resort Bavallstunet tilbyr fem ulike hyttetypar: 

Gruppe Areal m² Sengeplassar * Merknad
1 55 4 (5) 2 soverom
2 60 4 (6) 2 soverom, sauna
3 60 + hems 6 (8) 2 soverom, hems, sauna
4 80-85 6 (9) 3 soverom, sauna
5 95 + hems 8 (11) 3 soverom, 2 etasjar + hems, 2 stk WC, sauna


Sengeinndelinga varierer frå hytte til hytte.

Gruppe 1:
Hyttene er på ca. 55 m² fordelt på eitt plan, og har to soverom, bad, stove, kjøkken og vedomn. Hytteeiningane i overetasjen har utgang til eigen altan, underetasjen har utgang til plen eller terrasse.

Gruppe 2:
Hyttene er på ca. 60 m² fordelt på eitt plan, og har to soverom, bad med sauna, kjøkken og stove. Alle hyttene i denne gruppa er plassert i underetasje med utgang til eigen plen eller terrasse. Det er ikkje vedomn i denne hyttegruppa.

Gruppe 3:
Hyttene er på ca. 70 m² fordelt på i hovudsak eitt plan, og har to soverom, hems, bad med sauna, kjøkken og stove. Nokre har to toalett.

Gruppe 4:
Hyttene er på ca. 80 m². Omlag halvparten av hyttene i denne kategorien er fordelt på to plan, resten går over eitt plan. Hyttene har tre soverom, bad med sauna, kjøkken og stove, og nokre har to toalett. Einingar som går over eitt plan har utgang til både altan og terrasse, eller plen.

Gruppe 5:
Hyttene er på ca. 100 m² fordelt på to plan. Dei har òg hems, tre soverom, bad med sauna, ekstra toalett, kjøkken og stove.