Dinglo og Danglo
I gangavstand frå sentrum
Hangursbana er open for sommartrafikk frå 2.juni - 2.september
Opningstider: alle dagar kl. 10 - 17
Hangursbanen er eit landemerke på Voss! Den er ein av dei største turistattraksjonane i bygda, og difor er ein tur med Dinglo og Danglo noko du absolutt bør få med deg. Hangursbanen ligg like ved sentrum, og det tek ikkje meir enn ti minuttar å spasere hit.
Når du kjem opp kan du nyte god mat og drikke ute eller inne på Hangursrestauranten, medan du studerer Vossebygda sett frå 660 moh.
Det er enkelt å finne fram
Frå sentrum: Ta utgangspunkt i kyrkja. Ha hovudinngangen på di høgre hand, og gå under jernbanebrua lenger framme. Deretter følgjer du vegen i ca. 300 m. fram til første kryss, der tek du til høgre. Hald deg på denne vegen vidare i omlag 300 m. til og du får Hangursbanen på høgre sida. Det er skilta heile vegen.
Frå jernbanestasjonen: Gå over gangbrua, ta til høgre, og så til venstre att i krysset. Hald deg på denne vegen i omlag 300 m. og du får Hangursbanen på høgre sida. Det er skilta heile vegen.
Med bil: Følg same vegskildring som fotgjengarane frå sentrum. Det er ein mindre parkeringsplass ved banen. Parkeringsplassen ved Tinghuset (like ved kyrkja) har langtidsparkering (30 kr per døger).
