Bavallstunet
Alt på ein stad
Vel du Bavallstunet for selskapet ditt har du alt på ein stad. I tillegg til flotte selskapslokale har Bavallstunet eit triveleg uteområde med leikeplass for dei minste, terasse og altan, mogelegheit for bar med alle rettar, møterom med moderne fasilitetar og overnatting i hytter eller leilegheiter dersom gjestene dine treng det. På Bavallstunet har me erfaring med alle typar selskap. Ta gjerne kontakt på tlf. 4700 4700 for meir informasjon, eller dersom du treng hjelp til å planlegga selskapet ditt.
Matsal med hyggjeleg atmosfære
Matsalen i Bavallstunet har vorte pussa opp og bygd om fleire gonger dei siste åra, og har moderne og komfortabel innreiing. Matsalen har plass til 60 gjester, og slår ein opp dørene til salongen kan ytterlegare 15 personar serverast.