Ditt ansvar - din tryggleik

  1. Einkvar skiløpar må te seg slik at han ikkje skadar seg sjølv eller andre.
  2. Alle må avpasse fart og køyremåte etter dugleik, terreng, føre og trafikk i bakken.
  3. Det er forbode å køyre rett utfor bortsett frå under organisert trening.
  4. Den som kjem bakfrå har ansvaret for å unngå kollisjon.
  5. Den som køyrer inn i eller kryssar ein bakke, må sørgje for at dette skjer utan fare. Dette gjeld òg etter ein stopp.
  6. Stopp ikkje på tronge eller uoversiktlege stader.
  7. Ein skiløpar på veg oppover må berre nytte ytterkanten av bakken.
  8. Skistopparar er påbode. Kontroller at bindingane er rett innstilt.
  9. Følg skilting og merking.
  10. Ved skader har einkvar plikt til å hjelpe. Vitne og medverkande pliktar å oppgje personalia.
  11. Det er ikkje tillatt å køyre med barn i bæremeis verken i heis eller bakke

Alkohol og skikøyring høyrer ikkje saman. Brot på skivettreglane kan medføre bortvising frå området.