Velkomen til det norges beste skiterreng!

Hjå Voss Resort vil heile familien trivast, og me har løyper som er tilpassa alle nivå.
Hjå oss får du:
•40 kilometer preparerte alpinløyper, med enkle bakkar for nybyrjarar til krevjande terreng for dei beste.
•12 heisar og trekk med ein samla kapasitet på heile 12 000 personar i timen.
•19 nedfartar (sjå løypekart).
•18 kilometer preparerte og sporsette langrennsløyper.
•Ekspressheis som tek deg frå Bavallen opp til snaufjellet på fem minutt.
•Tre område for borna: Grebbesbakken, Badnakrokjen og Vetlebakken.
•Skiskule og skileige, både i Bavallen og på toppen av gondolbanen på Hanguren.
•Ny park på Tråstølen, med element både for nybyrjarar og meir erfarne.
•Big Air Bag på Slettafjellet
•Kveldskøyring kvar onsdag og fredag, med flaumljos i storslalåmløypa.
•Snøkanoner sikrar snø i deler av anlegget heile sesongen.
•Tre serveringsstader i anlegget (i tillegg til Bavallstunet).
•700 gratis parkeringsplassar i Bavallen.
•Gondolbanen Hangursbanen i gangavstand frå sentrum.
•Fantastiske forhold for laussnøkøyring (her lyt ein merkje seg at køyring utanom preparerte løyper skjer på eige ansvar). 
 

Kjøp heiskort her