Null-løp på ski
Dette er ein konkurranse form som passar for alle uansett ferdigheitsnivå. Her kan alle vinna og din hardaste konkurrent er deg sjølv. Alle deltakarane skal køyra to omgangar ned ei slalom løype med portar.
Den som klarar å køyra dei to omgangane med minst differanse i tid vinn konkurransen.
Etter konkurransen vert det oppsummering av resultata og premiering av dei 3 beste løparane samt dagens beste tid i SkiBarBula
Tid: 2 t
Kapasitet: 10 - 200 personar
Pris: 350,- kr per person
Parallell Cup i slalåm
Dette er ein spennande utfordringskonkurranse der ein kjempar mot kvarandre i 2 like slalåmløyper som er sett opp ved sida av kvarandre. Deltakarane skal starta to og to. Dei tre deltakarane som kjem lengst i denne ski duellen vert premiert.
Etter konkurransen vert det oppsummering av resultata og premiering av dei 3 beste løparane i SkiBarBula
Tid: 2 t
Kapasitet: 10 - 200 personar
Pris: 350,- kr per person
For meir informasjon eller bestilling, kontakt Vossamoro 95 98 20 65 eller send mail

