Mat for einkvar smak
Storastova
Ved skitrekka på Slettafjellet finn du Storastova. Her byr me på store hamburgarar, pommes frites, saftige pølser, fiskeburgar, Cold Cat (fisk i brød), havregraut, vaffel med rømme og syltetøy og betasuppe med salt kjøt og vossakorv. I kjøledisken finn du mellom anna muffins og lefser, og i tillegg er her eit godt utval av kalde og varme drikker.
For sesongen 10/11 har Storastova fått ny belysning og fleire sitteplassar. Like utanfor Storestova ligg kiosken Grebbes pizza, som held ope laurdag og sundag. Her får du kjøpt kalde og varme drikker, grillpølser og Grebbes pizzabollar.
Varmestova
I Bavallen finn du kaféen Varmestova. Her får du nykverna kaffi, fersk juice og borna sin favoritt drikk; sjokomelk. Bodega baguette og Ekspress baguette, Grebbes pizzabolle, chilitoast med kyllling og bacon og urtetoast med spekeskinke, mozzarella og pesto.
Kvar dag har me nysteikte skillingsbollar og solskinsbollar, og noko betre enn "Grebbes bollar" skal du leita lenge etter...Elles får du kjøpt muffins, lefser, sjokolade, brus, varme pølser og yoghurt.
Hangursrestauranten
På Hanguren ligg kaféen med den flottaste utsikta over Voss! Krydra utsikta med eit godt måltid frå vår varierte meny.
Her serverer me mellom anna Åsnes knekk (sandwich knekkebrød), karbonadesmørbrød, Hangurs sandwich, Offpist burger med ost og bacon, suppe, salat, baguetter og vaflar. God kaffi, økologisk juice og lesk i baren. Med fengande musikk og god stemning er Hangursrestauranten den perfekte staden å starta afterskien på!
Bavallstunet og SkiBarBula
Den beste afterskien på Voss finn du på Bavallstunet! SkiBarBula blei i fjor kåra til Noregs tredje beste afterski, og er open kvar fredag og laurdag i vintersesongen. I Bavallstunet får du kjøpt varm drikke og kioskvarer. Under afterski sel me amerikansk pan pizza og italiensk pizza.
Bavallstunet serverar frukost, lunsj og middag til grupper på over 12 personar. Må førehandstingast.

