Park for alle på Tråstølen
Hjå Voss Resort har du fleire mogelegheiter dersom du likar å leika deg litt ekstra når du er på ski/snøbrett.
Parken er plassert i Alphaløypa på Tråstølen, i traséen mellom toppen av Alphaheisen og nedre stasjon på Tråstølheisen. Parken har fleire spanande element og rails, samt tilhøyrande kulebakke. Parken passar for både nybyrjarar og meir erfarne.
Velkomne for å prøva!
BigAirBag - trygg landing
På Slettafjellet ligg BigAirBag'en som var ny i 2007. Her kan du hoppa og landa mjukt.
Kva er BigAirBag?
BigAirBag er ei fallpute som gjer at du ikkje treng bekymra deg for landinga. Den vert plassert bak eit (ski)hopp slik at fallet etter dette vert dempa. No kan einkvar snowboardar eller skihoppar trena på kunstane sine utan stor risiko! Men ein skal likevel vera varsam, og ta omsyn til både seg sjølv og andre.
Her er nokre "køyrereglar" for bruk av BAB:
1. All hopping føregår på eige ansvar!
2. Aldersgrensa er 12 år
3. Forbode med stavar
4. Forbode for personar over 95 kg
5. Forbode med ski eller stavar som har skarpe eller øydelagte kantar
6. Pass til farten så du ikkje hoppar over BigAirBAG'en.
7. Ikkje hopp i sterk vind
8. Kun ein person kan hoppa om gongen
9. Ver rask av BigAirBAG'en etter at du har landa
PS: Det fins berre 5 BAB'ar i Noreg!!
Kven kan bruka BigAirBAG?
BigAirBAG kan brukast av alle skihopparar og snowboardarar over 12 år. For dei som er yngre kan den brukast med godkjenning frå foreldre. Viktige basisevner er å kunna stå på ski/snowboard i ei rett linje nedover, ha litt kunnskap til hopp i slalåmbakke og ellers ha tilgang til påliteleg ski/snowboardutstyr.

