Tre område for dei minste
Grebbesbakken
"Den skal tidleg krøkjast, som god krok skal bli!" heiter det gamle ordtaket. I Grebbesbakken i Bavallen kan borna få både ein tidleg og trygg start på ski.
Det 50 meter lange skibåndet har ei svak helling, og er lett å koma seg av og på. Her er det heilt idéelt for dei minste å trena seg til å bli flinke på ski, både på langrenn og alpint. Bakken vert også brukt av vaksne nybyrjarar som vil ha ein forsiktig start.
Leikeplassen midt i bakken
Badnakrokjen ligg plassert rett ved kaféen Storastova på Slettafjellet. Her er det eit lite skitrekk, og flott terreng for leik og moro saman med andre born. Leikeutstyr som bøtter, spadar og akebrett er tilgjengeleg, samt benkar og ulltepper for dei som vil slappa av.
I helgene og skuleferiane vert det arrangert skirenn, og etterpå får alle deltakarane premie og litt mat i magen. Området er bemanna med ein aktivitetsleiar i helgene.
Både Grebbesbakken og Badnakrokjen er gratis!
Vetlebakken ved Bavallstunet
Vetlebakken høver godt for born som har stått litt på ski frå før, men tøffe nybyrjarar kan også prøva seg her. Vetlebakken er open i helger og feriar:
Fredag: kl. 18-21
Laurdag: kl. 09.30-13
Laurdag: kl 13.00-18
Sundag: kl. 09.30-13
Bakken har utvida opningstider i vinter- og påskeferien.

