Aking frå Hangurstoppen og ned
Etter offisiell stengetid av skiannlegget
Ein morosam aktivitet som føregår etter offisiell stengetid av skianlegget. Oppmøte ved skiskulen i Bavallen for litt informasjon og utdeling av utstyr (hjelm, hovudlykt og snowracer). Deltakarane vert frakta opp med Ekspressheisen til Hangurstoppen 820 moh. Her byrjar akeløypa som måler
5,2 km og svingar seg nedover eit variert og flott terreng. Ein fantastisk flott tur som passar for alle som vil oppleva den vakre fjell – heimen, fart og spenning. Dyktige instruktørar er med på turen.
Etter akinga vert det delt ut 3 ulike ake prisar.
Tid: ca 2 t – kr. 420 pr. pers minimum 10 pers ( inkl. heistransport, utstyr og instruktør)
Kapasitet: 10 – 60 pers
For meir informasjon eller bestilling kontakt Vossamoro 95 98 20 65 eller mail
De finn og nyttig informasjon om alle aktivitetane på www.vossamoro.no

